Postboks 119
3551 GOL
E-post: hallingsvall@buskmaal.net
Mobil: 917 86 834

Tilbake til bokmenyen (bøker)

Gunvor Slaatto :Ad undas? Frå avmakt til medverknad.
ISBN 82-91202-08-7 nynorsk
ISBN 82-91202-09-5 bokmål - Utseld
Boka får du i bokhandelen, eller frå Busk-Mål A.S. (Forlaget).
126 sider
Pris kr. 97,-

Omtale

Ad undas? Frå avmakt til medverknad handlar om verdien av å ha friheit i eigen arbeidssituasjon og måtar vi kan skaffe oss den på. Uttrykket "ad undas" er latin og tyder i bølgene. Det er eit folkeleg uttrykk for den vegen høna sparkar, noe som går i vasken eller nedanom og heim, og kan stå som symbol på kva som skjer med menneskelege verdiar på mange arbeidsplassar.

Forfattaren tar utgangspunkt i eit grådig arbeidsliv som rammar stadig fleire arbeidstakarar med avmakt og helsesvikt som konsekvensar. Ho roper eit varsku mot rovdrift på menneske. Mange spørsmål blir stilte og avklaringar blir gitt om maktforhold, styrings- og kontrollsystem og demokratiske prosessar. Ikkje minst legg Gunvor Slaatto vekt på vegar å gå for å utvikle menneskeverdige arbeidskår og gode, mellommenneskelege samspel. Alt i alt er det ei optimistisk bok med tru på eit meir humant arbeidsliv, der dei tilsette er reelle deltakarar og påverkar sin eigen situasjon i samspel med felleskapet.

Boka er direkte, utfordrande og provoserande. Den balanserer på to spor samtidig: Eitt personleg og eitt fagleg. Forfattaren argumenterer, dokumenterer, stiller spørsmål og kjem med sterke påstandar. Både teikningar, dikt og slagord blir brukte for å forsterke bodskapen. Boka er ei uvanleg opplysningsbok som stimulerer til ettertanke. Den kan styrke handlingskrafta til folk flest som er berørt av uønskte arbeidsforhold.

Boka er illustrert av Espen Hårstad.

Tilbake til bokmenyen (bøker)