Postboks 119
3551 GOL
E-post: hallingsvall@buskmaal.net
Mobil: 917 86 834

Tilbake til bokmenyen (bøker)

Trine Naadland: Nynorsk barnebokliste
ISSN 0803-7612
21. årgang kom ut i 1998, med "liste" over bøkene som kom ut i 1997.


Omtale

Publikasjonen Nynorsk Barnebokliste presenterer barne- og ungdomsbøker på nynorsk.

Nynorsk barnebokliste ga Busk-Mål ut for åra 1991 til 1997, med 1998 som siste utgjevingsår med omtale som følgjer:

Titlane har fullstendige opplysningar, også pris og omtale av innhaldet. Bøkene er samla i bolkar etter aldersgruppa dei høver for. Det er også oversyn over blad og lydbøker. Lydbøkene er vanlege bøker lesne inn på kassett, som kan kjøpast i butikk eller lånast på bibliotek. Lista har dessutan alfabetisk forfattar- og tittelregister. For kvart tiande år har det vore gjeve eit oversyn over dei barnebøkene som er utgjevne på nynorsk dei siste 10 åra.

Nynorsk barnebokliste er tenkt som eit hjelpemiddel for alle som vil gjere seg kjende med barnelitteratur skriven på nynorsk.

Nynorsk barnebokliste 1998 ligg tilgjengeleg på verdsveven.


Sjølv om vi nå har fått Bokklubben Blåmann så er det nokon som har begynt å etterlyse Nynorsk Barnebokliste att. Skulle vi starte opp igjen? I tilfelle i kva form - berre nettbasert ? Har du synspunkt på Nynorsk Barnebokliste eller om informasjon om og publisering av slik litteratur, send oss nokre ord på e-post hallingsvall@buskmaal.net eller til postboks 119, 3551 GOL.


Tilbake til bokmenyen (bøker)