Postboks 119
3551 GOL
E-post: hallingsvall@buskmaal.net
Mobil: 917 86 834

Tilbake til bokmenyen (bøker)

Borgny Slettemoen Tøfte: Dialekten og språkutviklinga
- ei utfordring for barnehage og skule

ISBN 82-91202-10-9
Heftet får du hjå Busk-Mål (lite restopplag/kopiert A4)
ca 30 sider A4
Pris kr. 80,-
 

Omtale

Idéen til heftet kom etter at Hallingdalskommunane skipa til eit kurs for lærarar og førskulelærarar om hallingmålet. Det synte seg at det var fleire av deltakarane som var opptekne av å styrkje dialektbruken blant barn og unge. Slik er det mange både i og utanfor barnehagen og skulen som ser med uro på at fleire og fleire barn og unge ikkje talar bygdemålet sitt lenger, men brukar eit nytt slags austnorsk bymål. Sidan språket er eit av våre fremste kultur- og identitetsmerke, som knytter oss både til fortid og notid, så vel kulturelt som sosialt, er mange redde for at ei alfor rask utvikling og endring av språket skal kutte verdifulle band til våre eige nærmiljø og bakgrunn. Kanskje kan ingen snu denne utviklinga, men me bør i alle fall vere medvitne om kva som er i ferd med å skje og gjere oss opp ei meining om kva desse språkendringane kan ha å seie.

Dei nye planane for barnehage og skule legg stor vekt på arbeid med norsk språk. Elevane skal tidleg bli kjende med og lære om både bokmål og nynorsk og dialektar. Dei skal lære å respektere både sin eigen og andres dialekt. Det er difor verdt å drøfte korleis ein skal leggje opp undervisninga i desse emna og gjere seg opp ei meining om kvar ein sjølv står som lærar, språkmodell og påvirkar.

Me vonar at heftet kan tene som eit drøftingsgrunnlag og kanskje gi hjelp, og inspirere til praktisk arbeid. Alle vil ikkje vere samde i alt som står her,- det vil berre eggje til skarpare debattar og kritisk tenking, noko som er av det gode!

Heilt bakerst i heftet finn du nokre idéar og praktiske oppgåver til fri bruk! Litteraturlista viser til bøker og artiklar om språk og språkutvikling, og kan vere nyttig for dei som vil setje seg betre inn i emnet på eiga hand.

Tilbake til bokmeny (bøker)