Postboks 119
3551 GOL
E-post: hallingsvall@buskmaal.net
Mobil: 917 86 834

Tilbake til bokmenyen (bøker)

Tom Bloch-Nakkerud og Inge Lindblom:
Far etter folk i Hallingdal
Omskrive til nynorsk av Olav Randen.
ISBN 82-91202-09-5

Boka får du i bokhandlane i Hallingdal
eller hjå Busk-Mål (Gå til bestillingssida)
Boka er på 104 sider.
Pris kr. 200,-
 

Omtale

Boka er eit samandrag og eit resultat av "Hallingdalsprosjektet", eit arbeid som starta i 1982 ved at dåverandre kulturutval i Hallingdal sette ned ei nemnd til å arbeide med den eldste historia i dalen. Me fekk seinare "Lokalhistorieutvalet i Hallingdal", og det vart samarbeidd med Universitetets Oldsaksamling. Seinare gjekk det i kursing og registrering, Oldsaksamlinga utarbeidde ein plan for prosjektet i 1985 og i åra 1986-89 foregjekk det svært mykje registrering av fornminne. Leiar i Lokalhistorieutvalet, og ei drivande kraft i arbeidet, var i alle år Ola Ellingsgard, Ål. I det driftige utvalet var elles desse med: Kåre Olav Solhjell, Gol, Irene M. Asplin, Hol, Ola Fauske, Hemsedal, Sissel Carlstrøm, Hemsedal, Frank Kolberg, Nes, Torill Thømt, Nes, Roar Sveum, Flå og Svein Aasen, Flå.

Forskarane Tom Bloch-Nakkerud og Inge Lindblom - som leia det faglege arbeidet - er også forfattarar av boka.

Far etter folk tek for seg historia framover frå da isen slapp taket for 10.000 år sia og fram til 1300-talet. Det er tynt med spor etter dei fyrste hallingane, men det er iallefall registrert spor i form av kolstøv i myrprøver frå Ulsåk i Hemsedal 7000 år attende i tid.

Tom Bloch-Nakkerud sa, da boka vart presentert, at utvinning av jarn i fjellet i Hallingdal kan ha vore ein like viktig næringsveg som oljeutvinninga i Nordsjøen i dag. Og jarnutvinninga, ikkje minst ved Ossjøen, i Ustedalen og på Golsfjellet var av dei viktige områda i landet.

Då hovudfagstudent Lars Erik Gjerpe meldte denne boka i tidsskriftet Nicolay i 1996 skreiv han m.a. at boka er "behageleg å lese, med endel fine bilder" og at " Alt i alt en rimelig redelig bok, dog uten for mye problematisering rundt metoder og teori rundt funnene og tolkningen av disse. Derimot får jeg følelsen av at samarbeidet mellom lokale og profesjonelle har fungert brukbart."

Eit lite utdrag frå boka:

"Ein seinsommars ettermiddag i 1982 drog vi innover fjellet til Gravabotnen ved Gyrinosvatnet i Ål. Der skulle vi møte ein informant som eg vona kunne gje opplysningar til arbeidet mitt for miljøverndepartementet. Vi trong meir informasjon om gamle kulturminne i Ål. Møtet med Ola Ellingsgard kom til å inspisere vår arkeologiske nyfikne i fleire år framover.

Ellingsgard fortalde om tuft i fjellet som han meinte ikkje var restar etter nyare tids stølsbuer. Han spurde om eg kunne gje ei forklaring på slike tufter.

Året etter stod kjentmannen og arkeologen midt i ein steinring som var kalla Reinsgjerda søraust for Flævatnet. Var dette ei hustuft? Og i så fall, kva hadde ho vore brukt til? 1260 verharde meter over havet var det naturligt å tenkje på andre løysingar enn hus. Men arkeologen hadde ikkje forklaringar i sine kunnskapar. Her måtte utgravingar til."

Tilbake til oversikten (bøker)